Språkrøre i Noreg
Kommunikasjon
er den viktigaste faktoren i verda. Vi kommuniserer på forskjellige måtar ut ifrå kor vi kjem frå eller korleis utgangspunkt vi har. Nokon skriv, nokon viser
teikn og andre seier det dei vil gjere andre oppmerksame på. I nokre land
snakkar dei engelsk, i andre land snakkar dei kanskje spansk. Korleis vi
kommuniserer med kvarandre er forskjellig i dei aller fleste land og kulturar. Det
einaste som er likt uansett er at vi brukar språket vårt for å kommunisere.
Språk
Definisjonen
på språk er eigenskapane vi menneske har til å frambringe høyrbare eller
synlege ytringar, når det gjeld det å dele tankar, følelsar, sanseinntrykk
osv. frå eit individ til eit anna. Uansett kor i verda du oppheld deg, vil du
alltid finne språk. Språket er med deg uansett enten det er russisk, svensk,
norsk, teiknspråk eller noko du les. Alle desse språka som er nemnde tidlegere
er ulike måtar å meddele noko på. Språk er det som er med på å skape dei
største forskjellane på folkeslag. Vi deler språk inn i to hovudgrupper:
Skriftspråk og talemål. Hanne Graham Simonsen (27.09.11) Språk Tilgjengelig på:
http://snl.no/spr%C3%A5k (Hentet:
?.12.11)
Skriftspråk og talemål
Skriftspråk
bruker vi når vi skal uttrykkje oss ved hjelp av skrift, bokstavar eller teikn. Talemål brukast når vi vil uttrykkje oss ved hjelp av lydar og
det verbale. Når vi snakkar om talemål er det mange faktorar som er med på å avgjere
korleis vi blir oppfatta. Toneleie, kor høgt du snakkar og kvar du legg trykk. Når
det er snakk om talemål er det også viktig korleis du oppfører deg. Det såkalla
kroppsspråket er med på å forsterke dine meiningar og det du vil meddele. Korleis
vi snakkar, er forskjellig i nesten alle land bortsett frå nokon unntak. Dei
snakkar f.eks. fransk i Frankrike og Algerie, og portugisisk i Brasil og
Portugal.
Sjølv
om det er forskjell over landegrenser på korleis folk snakkar, er det også
store forskjellar innom landegrensene. I
Noreg snakkar vi norsk, men det er fortsatt variasjon i talemålet ut ifrå kvar
i landet vi kjem frå. Alle iNoreg har noko som heiter dialekt, og dei er forskjellige.
Dialektar i Noreg
Ein
dialekt er ein geografisk avgrensa variant av eit språk. I Noreg har vi mange dialektar og akkurat kor mange vi har,
veit vi ikkje sikkert. Vi deler dei
inn i to hovudgrupper, austnorsk og vestnorsk. Under vestnorsk finn vi dialektane på Vestlandet, Sørlandet, i
Romsdal og Nord-Norge. Under austnorsk finn vi dialektane på Austlandet, Nordmøre og Trøndelag.
Detsom avgjer korleis vi snakkar er kvar i landet vi er frå. Er vi frå Austlandet
snakkar vi austlandsk, er vi frå Trondheim snakkar vi trøndersk og er vi frå
Bergen snakkar vi bergensk. TLMJ ( 14.3.08) Dialekter og sosiolekter,
tilgjengelig på: http://tlmj.blogspot.com/
(Hentet: 9.12.11)
Korleis oppstod dialektane?
Når
vi skal kommunisere med nokon, snakkar vi på den måten vi kan gjere oss best
mogleg forstått i det miljøet vi er i. Dermed blir det til at vi snakkar den dialekten som er der vi bur og er oppvakse.
Grunnen
til at dialektane har vorte så forskjellig,
er at før i tida hadde ikkje folk frå dei forskjellige landsdelane så stor
kontakt med kvarandre grunna mangel på transportmiddel og media. Dette førte
til at folk fann på sine eigne ord på ting utan at dei fekk så stor påverknad frå andre delar av landet. Dermed vart det til at dei snakka forskjellig alt etter kvardei budde i landet. TLMJ (14.3.08) Dialekter og sosiolekter,
Tilgjengelig på: http://tlmj.blogspot.com/
(Hentet: 9.12.11)
I
dag er det blitt mindre og mindre forskjellar på kor ulikt folk snakkar i
forhold til bustad. Folk flyttar og dialektane
blir påverka av kvarandre. Dette fører til at vi snakkar meir og meir likt
kvarandre og dialektane blir vatna
ut. Fortsatt kan forskjellane vere ganske så store. Det kan til og med vere
litt vanskeleg å forstå kvarandre grunna forskjellige måtar å snakke på. Mange syns dei trønderske dialektane er vanskelige å skjønne og nokon syns sunnmørsdialektane
kan vere vanskelege. Hadde du skjønt kva det betydde viss nokon sa til deg, «Eg
har så låkt atti hærane». Eller sagt til deg at du hadde «røde kjåkkå». På
denne måten kan det oppstå kommunikasjonsproblem og misforståingar. Nettopp fordi vi ikkje alltid forstår kvarandre sin dialekt. Det er ikkje alltid like enkelt å forstå kvarandre.
Dialekt og identitet
Idolvinner
Jorunn Stiansen sa ein gong, «dialekten er den du er – dialekten er deg». Dette
med dialekt og identitet heng ganske
så nøye saman. Vi nordmenn er veldig opptatt av dialekt og kor vi er frå. Den
dialekta vi har vokse opp med er den som ligg hjarte vårt nærmast. Det er denne
dialekten vi tenkjer i og ordlegg
oss best på. Viss vi mister litt av dialekten,
mister vi på ein måte ein del av oss sjølv. Den er ein del av personlegdomen
din. Talemåle blir på ein måte det same som at du vil ha ein bunad knytta til
den staden du er frå, det handlar om identiteten vår. Viss du flyttar og tek
med deg dialekten din, vil du
fortsatt ha ein del av heimen din med deg. Professor Ernst Håkon Jahr (12.2.10)
Dialekten forteller hvor du er fra, og det er viktig, tilgjengelig fra: http://www.uia.no/no/portaler/aktuelt/kronikker_og_artikler/dialekten_forteller_hvor_du_er_fra_og_det_er_viktig
(Hentet: 13.12.11)
Noko av det viktigaste i verda er å kommunisere med kvarandre. Dei to hovud måtane å kommunisere på, skriftlig eller verbalt, er begge eksempler på språk. i Noreg snakkar vi norsk og vi har forskjellige dialektar. Dialektane er med på å skape språklege forskjellar ut i frå kor i landet vi er frå. Korleis vi snakkar er også med på å forme deg som person, dialektane er med på å skape identiteten din.
Kjelder:
- http://www.ling.hf.ntnu.no/nos/?list
- http://spenn3.cappelendamm.no/c339284/artikkel/vis.html?tid=535536
- http://tlmj.blogspot.com/
-
Utrolig bra tekst Marte!
SvarSlettKjempebra, Marte (Y) artig at dt va trøndersk og sundmørsdialekt du brukt :)
SvarSlettMåtta ta nå som va litt kjent da vettu marius ;)
SvarSlett